Dei fleste får oppleve ein jamboree berre ein gong som speidar. Men Ingrid er på sin andre jamboree som speidar. Den første opplevinga vart nemleg ikkje heilt som planlagt.

– Eg skada meg førre gongen, så eg tenkte eg skulle prøve på nytt og få heile opplevinga denne gongen, seier Ingrid Marie Bøe i Tropp 5.

Maks uflaks førre gongen

Ho var med på jamboreen i Japan då ho var 14 år, men hadde maks uflaks.

– Eg skada meg i foten på ein fjelltur før leiren, så det gjekk utover resten av turen. Halvvegs inn i leiren måtte eg til legeteltet og fekk beskjed om å sitje i ro resten av leiren. Så då kunne eg ikkje vere med på resten av turane som dei andre drog på, og kunne heller ikkje vere med på kulturdagen eller samfunnsdagen utanfor leiren, fortel ho.

Leiropplevingane måtte komme til henne

På store leirar er det lange avstandar og langt å gå. Det var det også på jamboreen i Japan, og det gjorde det vanskeleg for Ingrid å komme seg ut til opplevingane. Heldigivis kom mange av opplevingane til henne.

– Eg sat veldig mykje på troppsområdet og det var mange som innom og var i lag med meg. Det var mange som tok med speidarar til vår leir for at eg også skulle få møte dei, fortel Ingrid.

På jamboreen i West-Virginia har ho greidd å halde seg skadefri, og fartar blant anna rundt for å bytte merke og skjerf.

Meir å velje i denne gongen

– Det kjennest litt større denne gongen og det er mykje meir å velje i av aktivitetar. Ein kan gå litt meir fritt rundt og gjere ulike ting. Eg har truffe mange folk. Den største forskjellen frå sist gong er at eg kan vere med å meir, eg kan gå distansen. Eg kan vere med på fleire aktivitetar og meir dansing.

No er det berre eit par dagar igjen av leiren, og forhåpentlegvis vil ikkje fleire skade seg på denne leiren. Men vi bad likevel Ingrid om eit tips til korleis du kan få ein best mogleg leir om du skadar deg eller av andre grunnar ikkje kan bevege deg så mykje.

Tips om du skadar deg på leir

– Det er å gjere det beste ut av det, snakke med flest mogleg folk og spørje om dei vil komme innom troppsområdet og besøke deg. Ta meir kontakt med folk og invitere dei på middag. Og så må du engasjere dei som er i troppen din slik at dei kan bidra til å gi deg ei betre leiroppleving, avsluttar Ingrid Marie Bøe.