På eit troppsområde i underleir D på jamboreen, vart det feira 17. mai onsdag kveld. Korpsmusikken ljoma frå ein høgtalar då speidarar frå heile verda gjekk i 17. maitog rundt leirområdet, og seinare var det tid for leikar og eting av ein norsk spesialitet, Seigmann.

– Her er det fullt av folk frå heile verda, kanskje flest amerikanarar. Speidarane har invitert tre gjestar kvar til 17. mai-feiring, fortel troppsassistent Mats Brunsvik, like etter at han har gjennomført flaggheis i høve nasjonaldagsfeiringa.

Begeistra amerikanarar

No i starten av jamboreen skal alle troppane arrangere «Norway invites», der kvar av speidarane i troppen inviterer tre gjestar til ein kveld der gjestane får lære meir om Noreg og speiding i Noreg. Det er også ein fin måte for dei norske speidarane til å bli kjent med speidarar frå andre delar av verda.

– I dag har eg lært at Noreg har masse fjell og at folk går mykje på ski der, seier Kevin frå Texas, ein av dei mange speidarane som feira 17. mai hos Tropp 8. – Dette er første gongen eg møter nokon frå Noreg, og det er veldig kult.

Kompisen Owen, også han frå Texas, lærte nye ting om Noreg.

– Eg kunne ein del om Noreg frå før, men eg har lært om korleis Noreg vart sjølvstendig etter å ha vore i union med Sverige. Og så har eg lært meir om den unike norske kulturen, fortel Owen.

Stort engasjement for rævkrok

Etter at 17. mai-toget var avslutta, steig stemninga endå fleire hakk. Då var det nemleg klart for leikar. Potetløpet vart gjennomført med kvitløk, sidan det ikkje var mogleg å få tak i potetar i matutleveringa i går. Dei tynne søppelposane leiren deler ut viste  seg å vere litt for tynne for sekkeløp, mens rævkrok engasjerte stort.

– Det har vore ein veldig bra 17. mai. Vi har gjort mykje gøy og snakka med mange folk. Det er veldig gøy å fortelje om norske tradisjonar til amerikanarar, å snakke om noko vi kan og som ingen andre kan noko om, seier Rakel Karlstad, ei av speidarane i troppen.

Her kan du sjå video frå 17. maifeiringa