Seint onsdag kveld landa dei første norske troppane i Washington, og i dag er dei klare for å erobre USAs hovudstad.

– Flyturen gjekk fint, men det vart mykje mindre søvn på turen enn vi hadde trudd, ler Lea og Trude frå Tropp 8.

– Det er veldig kjekt å vere framme og det er utruleg fint her, seier dei og ser seg rundt i College park der alle dei norske troppane og IST-arane bur.

Nesten som på film

Alle som har sett ein amerikansk film eller tv-serie om universitetsstudentar vil kjenne seg att i College park. Å gå rundt på det enorme universitetsområdet er nesten som å gå rundt i ein filmkulisse. Leilegheitene dei norske speidarane bur i er til vanleg studentbustader.

Klare for å utforske byen

Dei neste dagane kjem dei raude, kvite og blå norske skjerfa til å setje sitt preg på Washington DC. Mange museum og kjente landemerke står på lista over stader dei norske troppane skal besøke.

– I dag skal troppen vår besøke Air and space-museet, og etterpå skal vi til kyrkjegarden Arlington, fortel Lea og Trude.

For å komme seg dit tar speidarane metro. I dag fekk alle utdelt metrokort. Metroen er både eit godt hjelpemiddel for å reise raskt, og for å kvile beina.